Kulturell kveld i Fredrikstad
Publisert:
5. november 2026
Tid:
19. november 2026— 18:30
Stad:
Restaurant Fru B
, Fredrikstad
Arrangør: Fredrikstad Mållag
Fredrikstad Mållag inviterer til ein flott kveld med god mat og artig prat – pluss kulturelle innslag. Hans Günther Bonenberger trakterer gitaren, og mangeårig NRK-journalist Inge Kjell Holme fortel om eigne røynsler frå tida da dialektane for alvor fekk gjennomslaget sitt i NRK. – Om fordommane, kampane og dei gode opplevingane som dialekt- og nynorskbrukar. Holme starta i NRK i 1978 og har mange store og små produksjonar bak seg for radio og fjernsyn.
Kuvertpris kr. 495,- per pers.
NB. Obligatorisk påmelding til leiar Magne Aasbrenn.