Kved opp, Guds folk, syng høgt i kor! Nynorsk Salmebok 100 år
Stad: Evjens Minne, Ål
Arrangør: Ål og Hol Mållag i lag med Folkemusikkveka i Ål 2026
Denne kvelden på Evjens Minne vil me samle både dei som er glade i å synge, og dei som er glade i å høyre på! Professor Anders Aschim fortel om Nynorsk Salmebok, både om bakgrunnen og om sjølve boka. Gunnlaug Lien Myhr tek oss med inn i salmesongen i Hallingdal, og me møter òg Ål Kantori under leiing av Vemund Olav Aukrust. Arrangementet er eit samarbeid mellom Folkemusikkveka og Ål og Hol Mållag.
I Ål vart Nynorsk Salmebok lansert av mållaget sist på 30-talet, med god støtte frå dåverande sokneprest Øye.
OBS: Berre billettsal i døra. Billettpris kr 200,-