kalender

Kveldsmøte i Etne Mållag

Tid:
6. november 202419:00
Stad:
Etne
Arrangør: Nynorskstafetten, Etne Mållag og Karmsund Mållag

Me inviterer til kveldsmøte i Etne Mållag onsdag 6. november klokka 19 på Etne bibliotek i Etne.  

Hovudsaka for møtet er å snakka om kva slags aktivitet me kan få til i Etne og velja eit interimstyre som skal førebu ordinært årsmøte i mars 2025.

Noregs Mållag og Norsk Målungdom, saman med fleire nynorskføretak, er på  nynorskstafett på Haugalandet. Då er me innom både skular, barnehagar og har møte med kommunar, i tillegg til arrangement for lokalt næringsliv for å nemna noko. På dette møtet vert det innleiingar både frå Noregs Mållag og frå Norsk Målungdom. 

Sakliste for møtet:
– godkjenning av innkalling og saksliste
– idédugnad for målarbeid i Etne
– val av interimstyre 

Ta gjerne kontakt med Siri Klokkerstuen i Etne Mållag, telefon 908 80 659 eller Solgunn Liestøl, leiar i Karmsund Mållag, telefon 936 64 995 om det er noko du vil spørja om på førehand. 

Ein treng ikkje å vera medlem i Mållaget for å koma på møtet. Medlemskap kan vi ordna der og då. 

Det blir framifrå servering og god tid til å prata i lag. 

Alle er velkomne!