kalender

Kyrkjebø Mållag 120 år!

Tid:
19. oktober 202517:30
Stad:
Kyrkjebø skule
Arrangør: Kyrkjebø Mållag

Kyrkjebø Mållag inviterer til jubileumskonsert og markering av Kyrkjebø Mållag 120 år!

Kafe frå kl. 17.30.  

Kl. 18.00 byrjar jubileumsframsyninga Lurleik med Fantefolk. Dette er ei framsyning som handlar om det dramatiske livet til diktaren Per Sivle. Dette vert formidla med dikt, stubbar, songar og forteljingar.

Det vil og verte eit kort historisk tilbakeblikk, samt ei helsing frå Noregs Mållag og Norsk Målungdom.

Inngangsbillett er kr. 200.

VELKOMEN!