Liten lesar, stor verd – Jon Fosse sin barnelitteratur
I samarbeid med Nasjonalbiblioteket inviterer Norsk barnebokinstitutt til eit heildagsseminar om Jon Fosse sin barnelitteratur tysdag 10. desember.
I 2023 fekk Jon Fosse Nobelprisen i litteratur, og nøyaktig eitt år etter tildelinga, inviterer me til eit seminar om barnelitteraturen han har skrive. Fosse er i hovudsak kjend for dramatikken og prosaen sin, men har òg skrive fleire bøker for barn. I løpet av dagen vil me få ei innføring i barnelitteraturen, korleis han blir lest i Noreg og i utlandet, korleis han har blitt illustrert og korleis litteraturen har blitt framført på scena.
Program:
09:00: Kaffi.
09:30: Opplesing av Jon Fosse ved Anderz Eide.
09:40: Velkommen.
09:45: Jon Fosse skriv for barn. Bøker for barn eller litteratur for barn? Anne Kristin Lande gir oss ei oversikt over Fosse sin forfattarskap for barn og unge, bøker skrive i perioden 1989-2009, og eit sveip innom noveller og dikt publisert i antologiar for barn og unge.
10:05: Når den tause talen kjem til orde. Om barneperspektivet i Jon Fosse sitt hundemanuskript ved Anne-Stefi Teigland.
10:25: Pause.
10:40: Opplesing av Jon Fosse ved Anderz Eide.
10:50: Fosse i den arabiske verda, ved omsetjar Sherin A. Wahab. Korleis treff Jon Fosse det arabiske publikummet og kan det òg skapast interesse for barnelitteraturen i den arabiske verda?
11:10: Fosses barnelitterære forfattarskap – frå bok til scene ved Jens-Morten Hanssen. Alle dei ni barnebøkene til Fosse har blitt adaptert til teateret. Fosse sin eventyrlege dramatikarsuksess har òg skapt interesse for resten av litteraturen han har skrive.
11:40: Lunsj.
12:30: Inger Vederhus og Dag Skarstein presenterer sitt arbeid om Andvake og korleis unge les teksten. Arbeidet er basert på innsamla material om unge sine møte med Jon Fosse sin litteratur i skulen og korleis fosseteksten løftar fram ulike lesemåtar.
13:00: Intuitive bilete: Øyvind Torseters litterære metode. Øyvind Torseter samtalar med Egon Låstad om den kunstnariske prosessen bak sine nyskapande illustrasjonar. Med Spelejenta som døme forklarar Torseter korleis fysiske teknikkar, opne kulissar og rom for innfall gjer eit djupare fortolkingsarbeid mogeleg. Samarbeidet mellom Jon Fosse og Øyvind Torseter viser kor godt tekst og bilete kan virke saman, og kva som går tapt om dei blir forsøkt skilt frå kvarandre i ettertid. I år blir Spelejenta gitt ut på nytt på nynorsk, sørsamisk, italiensk og brasiliansk – med Torseter sin kunst intakt.
13:50: Pause
14:00: Opplesing av Jon Fosse ved Anderz Eide.
14:10: Å vere barnebokforlaget til Jon Fosse. Samlaget sine barnebokredaktørar Mari Reinholt Aas og Elen Betanzo fortel om korleis det er og har vore å arbeide med Jon Fosses barnelitteratur – frå eit forlagsperspektiv.
14:30: Fosses barnebøker i utlandet: suksesshistorie eller utfordring? ved Olivia Lasky.
15:00: Vel heim!