Seminar for nye lokallagsleiarar
Dette er eit seminar for nye lokallagsleiarar (i alle aldrar). Det er også aktuelt for nye styremedlemer i lokallag og fylkeslag. Du treng heller ikkje vere heilt ny i rolla for å få godt utbytte av seminaret. Seminaret vert på skrivarstova i Dronningens gate 22 i Oslo fredag 17. oktober til laurdag 18. oktober 2025.
Fredag 17. oktober:
17.00 Det vert sett fram enkel mat og snacks.
17.30 Velkomen til seminar! ved Hege Lothe. Presentasjonsrunde.
17.45 Medlemssystemet, medlemsregister, medlemspengar og verving. Årsmeldingar, mållagsåret, økonomi for lokallaga, momsrefusjon og Grasrotandelen med meir
ved Erik Grov, organisasjonsrådgjevar / Per Henning Arntsen, økonomirådgjevar
Spørsmål og ordskifte
19.00 Korleis bli god på sosiale medium for lokale mållag?
ved Frida Pernille Mikkelsen, politisk rådgjevar og Tonje Thorstad Kildal, informasjonsrådgjevar
Spørsmål og ordskifte
20.00 Seminar slutt
20.15 Enkel middag og kveldssete på skrivarstova
Laurdag 18. oktober:
09.30 Kvifor nynorsk? – språkhistorie, språkstrid og argument
ved Johannes Rønning, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom
10.30 Kvifor Noregs Mållag?
– kort om historia til målrørsla og mållaget
– kva slags sigrar byggjer vi vidare på?
– korleis er organisasjonen vår bygd opp?
ved Hege Lothe
11.30 Vi avsluttar seminaret og går bort til Nynorskens Hus for å forsetje med lønsj og haustseminar.
Deltakaravgift: 500 kroner. (Det inkluderer mat og eventuell overnatting ei natt). Det er laget som dekkjer deltakaravgift og reiseutgifter.
Påmelding: Send e-post til Hege Lothe (hege.lothe@nm.no) Ver raskt ute. Det er avgrensa med plassar.
(Om laget ditt har lite pengar, kan de søkje om å få dekka reisa. Send melding til hege.lothe@nm.no)