kalender

Mål med meining – Foredrag med forfattar Tore Renberg

Tid:
4. november 202219.00
Arrangør: Bokn Mållag

Bokn Mållag inviterer til kulturkveld på Bokn Bedehus fredag 4. november klokka 19.00.

Program:

  • Musikk med Venevil Birkelund med vener
  • Foredrag med Tore Renberg
  • Tradisjonsmat: Rømmegraut, risgraut, havregraut, mjølkeboller, sprengt mjølk, fenalår, skinke, ymse spekjepølser, tørrsild, lubbesild, røykjesild, røykjemakrell og spekjemakrell.

 

Inngong kroner 200.

 

Tore Renberg vil snakke om den omdreininga i forfattarskapen som inntraff då han valde å skriva nynorsk, fyrst med boka «Du er så
lys» og dernest med «Tollak til Ingeborg».

Tore Renberg er kjend for romanseriane om Jarle Klepp og for Teksas-serien om «Hillevågsgjengen». Han skriv òg barnebøker, skodespel og filmmanus, og er i tillegg låtskrivar og popartist.

 

Arrangør: Bokn Mållag og Bokn bedehus