kalender

Mål- og litteraturkaféen Johannes

Tid:
15. januar 202620:00
Stad:
Tre Brør Kaffi & Vin
, Vossevangen
Arrangør: Voss mållag

Dag Helleve er gjest i den fyrste Mål- og litteraturkaféen Johannes i år. I samtale med Gunnstein Akselberg og Nils Kvamsdal får me dukka ned i Dag sin mangslungne forfattarskap – frå romanen Brøyt som kom i 1985, til den ferske litterærmusikalske framsyninga HUSTVEIT. Irene Tillung komponerte musikken som vart urframført under Osafestivalen, og ho kjem for å gje oss smakebitar saman med eit superlag av lokale musikarar.

Både Dag og Irene bør vera velkjende for vossingar flest, men mål- og litteraturkaféen har alltid som mål å bringa fram noko nytt og forvitneleg. Og som vanleg har Gunnstein med ein av Johannes Gjerdåker sine tekstar, og gjerne nokre ordforklaringar undervegs.

Så kom inn i varmen på Tre Brør Bar torsdag 15. januar kl 20, og ta gjerne med ein ven til ei litterær og musikalsk oppleving av dei sjeldne.

Pris: Medlem kr 150. Ikkje medlem kr 250