kalender

Målkafe på Nynorskdagen!

Tid:
12. mai 202219.00
Arrangør: Gloppen Mållag
Gloppen Mållag og Gloppen folkebibliotek inviterer til målkafe på Nynorskdagen torsdag 12. mai klokka 19.
Vi har sett saman eit kjekt program og på ein målkafe blir det sjølvsagt kaffi og enkel servering. Dessutan blir det tid til god søgje og for dei som har lyst til det, kan ein få innføring i bruk av meir-ope bibliotek.
Inger Marie Sande, leiar i Gloppen Mållag, leiar oss gjennom kvelden. Anders Fitje skal halde kåseri, Turid Korterud skal lese dikt og Kåre Risholm skal spele gitar. Torill Berge, biblioteksjef, vil fortelje litt om alle det spennande nye på biblioteket denne våren.
Og kanskje kan vi overraske med fleire programpostar!
Alt er gratis og alle er velkomne!