kalender

Nynorskstafetten: Molde

Tid:
10. november 202309:00
Arrangør: Noregs Mållag, Norsk Målungdom og Molde Mållag

Veke 3:

Denne veka reiser Nynorskstafetten til Nordmøre og Romsdalen. Det er Noregs Mållag og Norsk Målungdom som fyller opp ein stafettbil med både materiell og folk. Gjennom ei heil veke vert det snakka om nynorsk med ordførarar, kommunedirektørar, oppvekstsjefar, tilsette i barnehagar og på skular, med ungdomsråd, på bibliotek og med lokalt næringsliv for å nemne nokre.

Dei som møter denne veka er informasjonsrådgjevar Hege Lothe og politikk- og kommunikasjonsrådgjevar Frida Pernille Mikkelsen frå Noregs Mållag, Emma Hinderaker Pedersen, skrivar i Norsk Målungdom og Synnøve Marie Sætre frå Nynorsksenteret.

 

Program:

09:00 – Midsund skole/Midsund barnehage

11:00 – Molde vgs

12:00 – Molde kommune (Rådhuset 2.etg øst Innsikten)

14:00 – Eresfjord skule/Barnehage