Møt Syn og Segn på heimebane!
Møt Syn og Segn på heimebane!
Vennelaget Samlagsrota, Oslo mållag og Den mangfaldige scenen inviterer til førjulsmøte der dei stiller spørsmålet
Kva skjer i – og med – tidsskrifta?
Når: Onsdag 29. november, kl. 18:00 – 19:30
Stad: Det Norske Samlaget, Mariboes gate 13
Pris: Gratis!
Påmelding: samlagsrota@gmail.com
Tidsskrifta er kulturens og samfunnsdebattens underskog, ein kraftfull understraum der ein møter nye idear og nye skribentar. Mange forfattarskap har starta i tidsskrifta. I ei tid då dei fleste prøver å spare på det meste, må vi særskilt spørje om kva rolle tidsskrifta kan spele framover, og kva utfordringar dei har, ikkje minst av den nye teknologien. Og kva rolle spelar dine lesevanar for tidsskrifta? Sist, men ikkje minst: Kva rolle spelar dei nynorske tidsskrifta?
I panelet:
Astrid Sverresdotter Dypvik, redaktør i Syn og Segn
Nana Rise-Lynum, redaktør i Norsk Barneblad og styreleiar i Norsk tidsskriftforening
Merete Røsvik, avtroppande redaktør i Prosa, Årets nordiske kulturtidsskrift 2023
Ordstyrar er Bente Riise, generalsekretær i Norsk tidsskriftforening
Du får spesialtilbod på Syn og Segn.
Det blir høve til å kjøpe bøker frå Samlaget med rabatt.
Det blir også lett servering.
Ta gjerne med deg slekt og venner!