Møte med Oddmund Hagen
«Forklaring – eit forfattarskap»
Laurdag 10. mai kl. 15 inviterer Stjørdal Mållag i samarbeid med Stjørdal bibliotek til eit møte med forfattaren Oddmund Hagen (f. 1950). Han kjem til å snakke om kvifor han skriv, kvifor han har vigd livet sitt til litteraturen, kva som inspirerer han, og han vil snakke om litterær kvalitet ut frå lang fartstid både i Det litterære Råd i Den norske forfatterforening, i Kulturrådet og som kritikar i Dag og Tid. Og elles vil han gå inn på den nyss utkomne boka «Forklaring» både ved å lese frå boka og snakke rundt teksten.
Oddmund Hagen vaks opp på øya Hemnskjela i Snillfjord kommune (som no har vorte ein del av Hitra kommune). Han er utdanna cand. philol. frå Universitetet i Trondheim med faga pedagogikk, historie og nordisk. Han budde og arbeidde i Krødsherad frå 1982 til 2018. No bur han i Trondheim.
Store norske leksikon omtalar Hagen som «ei lågmælt og særmerkt røyst i den norske litteraturen». Sidan debuten i 1977 har det vorte 22 bøker; diktsamlingar, romanar, noveller og barnebøker. Det kan også nemnast at han har mottatt Nynorsk litteraturpris (1996), Samlagsprien (1999) og Unni Sands billedbokpris (1998).