kalender

Møte om Hans Nielsen Hauge

Tid:
1. desember 202119:00
Stad:
Bekkestua bibliotek
Arrangør: Bærum Mållag

Bærum mållag inviterer til møte om Hans Nielsen Hauge på Bekkestua bibliotek onsdag 1. desember klokka 19. Det er Trygve Riiser Gundersen som held foredrag om mennesket og myten. Riiser Gundersen har skrive bok om Hauge. Boka kjem ut i 2022.

Meininga med å invitere Riiser Gundersen er å gje eit rettare bilete av Hauge enn det som vart skapt som eit resultatet av kompromisset mellom dei store kulturelle og kyrkjelege konfliktane i midten av 1800-talet, da Hauge vart skapt om til indremisjonsmann 50-år etter at han er død! Det radikale og antiautoritære som bar fram rørsla, vart filtrert bort. No i jubileumsåret – 250 år sidan han vart fødd – er det på tide å sjå på mannen og rørsla på nytt.
Den historieskrivinga som oppstod langt etter han var død, overstyrde mykje av det som det handla om: den første landsdekkjande folkelege rørsla i Noreg, skapt under umogelege vilkår i ein absoluttisk stat med forsamlingsforbod med trugsmål om dødsstraff, ei radikal rørsle som bygde på kommunistiske prinsipp for eigarskap, ei rørsle så trugande for makta at den førte til ein av dei mest omfattande rettsprosessane i norsk historie, ei feministisk rørsle som gav kvinner like stor plass som menn i verksemder og forkynning, ei litterær rørsle gav vanlege folk herrevelde over skriftspråksinstitusjonen. Og mykje meir underleg. Denne rørsla oppstod og levde i ein stat og eit samfunn som er heilt framand og kanskje jamvel uforståeleg  for oss. Og di meir vi forsøker å forstå dette samfunnet, di meir mirakuløs blir rørsla.
Hauge-rørsla vart mor til dei folkelege rørslene i Noreg på 1800-talet. Frå tranitterane til målrørsla. Haugianarane skapte ein praksis og eit nettverk som seinare folkelege rørsler kunne byggje på. Her er vi til kjeldene til det rare landet vi lever i.