Motivasjonsseminar for Mållaga i Telemark
I høve Nynorskstafetten inviterer Telemark Mållag og Noregs Mållag til motivasjonsseminar på Granvin kulturhus i Seljord. Vi møtest laurdag 5. november klokka 11 til 16 med solid lønsjpause.
10.30 Kaffi og noko å bite i
11.00  Velkomen!
Presentasjonsrunde  og  dialog  om  kva  gode  tiltak  dei  ulike  lokallaga  har  gjennomført  i  det  siste.  Vi  får  ein  kort  rapport  frå  Nynorskstafetten  i  Telemark  så  langt.
12.00 Korleis  kome  til  25  prosent
Kristin  Berge  er  kommunikasjonsrådgjevar,  og  har  ansvar  for  nynorsk  og  klarspråk  i  fylkeskommunen.  Kva  tiltak  jobbar  ho  med  og  korleis  kan  Mållaget  støtte  opp  om  hennar  arbeid?
12.30 Lokalvalkamp  2023  –  også  ein  kamp  for  nynorsken?
Hege  Lothe er  informasjons-  og  organisasjonskonsulent  hjå  Noregs  Mållag.  Ho  vil  snakke  om  viktige  krav  og  innspel  til  lokale  valprogram,  og  gi  oss  eit  oppspel  til  saka  om  å  sikre  Telemark  som  nynorskfylke  ved  oppdelinga  av  Vestfold  og  Telemark  fylkeskommune.
13.15 Lunsj
14.00 Digitale  nynorskressursar
Vemund  Knudsen er  politisk  rådgjevar  og  redaktør  for  Norsk  Tidend  hjå  Noregs  Mållag.  Han  kan  masse  om  nyttige  appar  og  sider  på  nynorsk  som  du  kan  bruke  i  din  digitale  kvardag,  og  vil  òg  fortelje  om  nyttige  ressursar  retta  inn  mot  barn  og  unge.
 15.00 Nynorsk  i  skulen
Eline  Bjørke er  leiar  i  Noregs  Lærarmållag.  Ho  kjem  med  innspel  til  korleis  vi  kan  jobbe  med  å  få  meir  nynorsk  inn  i  skulen.  Kva  kan  vi  gjere  for  lærarane  og  kva  kan  vi  få  lærarane  til  å  gjere?
15.45 Oppsummering og vel heim!
Det gratis å vere med på seminaret. Send gjerne påmelding til Sigrid Bø sigrid.bo@usn.no