kalender

Motivasjonsseminar for Mållaga i Telemark

Tid:
5. november 202211:00
Stad:
Granvin kulturhus i Seljord
Arrangør: Telemark Mållag og Noregs Mållag

I høve Nynorskstafetten inviterer Telemark Mållag og Noregs Mållag til motivasjonsseminar på Granvin kulturhus i Seljord. Vi møtest laurdag 5. november klokka 11 til 16 med solid lønsjpause.

10.30 Kaffi og noko å bite i

11.00 Velkomen!
Presentasjonsrunde og dialog om kva gode tiltak dei ulike lokallaga har gjennomført i det siste. Vi får ein kort rapport frå Nynorskstafetten i Telemark så langt.

12.00 Korleis kome til 25 prosent
Kristin Berge er kommunikasjonsrådgjevar, og har ansvar for nynorsk og klarspråk i fylkeskommunen. Kva tiltak jobbar ho med og korleis kan Mållaget støtte opp om hennar arbeid?

12.30 Lokalvalkamp 2023 – også ein kamp for nynorsken?
Hege Lothe er informasjons- og organisasjonskonsulent hjå Noregs Mållag. Ho vil snakke om viktige krav og innspel til lokale valprogram, og gi oss eit oppspel til saka om å sikre Telemark som nynorskfylke ved oppdelinga av Vestfold og Telemark fylkeskommune.

13.15 Lunsj

14.00 Digitale nynorskressursar
Vemund Knudsen er politisk rådgjevar og redaktør for Norsk Tidend hjå Noregs Mållag. Han kan masse om nyttige appar og sider på nynorsk som du kan bruke i din digitale kvardag, og vil òg fortelje om nyttige ressursar retta inn mot barn og unge.

 15.00 Nynorsk i skulen
Eline Bjørke er leiar i Noregs Lærarmållag. Ho kjem med innspel til korleis vi kan jobbe med å få meir nynorsk inn i skulen. Kva kan vi gjere for lærarane og kva kan vi få lærarane til å gjere?

15.45 Oppsummering og vel heim!

Det gratis å vere med på seminaret. Send gjerne påmelding til Sigrid Bø sigrid.bo@usn.no