kalender

Nasjonsbygging og språkreising i Ukraina

Tid:
27. september 202219.00
Arrangør: Bærum Mållag

Tysdag 27. september inviterer Bærum Mållag til program på Bekkestua bibliotek. 
Innleiarar: professor Atle Grønn og historikar Halvor Tjønn

Ukraina hadde aldri klart å stå i mot den russiske invasjonen om ein ikkje dei siste åra systematisk hadde bygd opp ei sterk nasjonalkjensle. Og denne nasjonalkjensla heng tett saman med eige språk. Gjennom fleire hundreår var det ukrainske språket noko som berre levde ute på landsbygda. Dei siste åra før den russiske invasjonen fekk det ukrainske språket ein stadig sterkare posisjon. No er språket eit av Ukrainas fremste våpen i kampen mot den russiske aggresjonen. 

Atle Grønn er professor ved Universitetet i Oslo. Han er ein av dei fremste kjennarane av austslavisk språk i Noreg. 

Halvor Tjønn er forfattar og journalist og har skrive fleire bøker om russisk historie.