Nissedal kommune – Nynorskstafetten
Publisert:
19. september 2022
Tid:
4. november 2022
Arrangør: Noregs Mållag og Norsk Målungdom
Fredag 4. november kjem nynorskstafetten til Nissedal kommune.
Nynorskstafetten er Noregs Mållag og Norsk Målungdom på turne med ein dekorert bil med diverse nynorskmateriell og fylt med ein målungdom og to mållagsfolk som skal snakke om målsak ein heil dag i kvar kommune.
Program:
10.00 Møte med Nissedal kommune
12.00 Møte med Treungen barnehage
13.00 Møte med Kyrkjebygda barnehage