Debatt: Nynorsk 2050: daud eller framleis i full vigør?
Hordaland Mållag inviterer til ordskifte om kva rolle nynorsk speler i samfunnet og vil ha i framtida. Jon Fosse sikra nynorsk ein nobelpris, alle dei store avisene er opne for nynorsk. Kva er dei neste barrierane å bryte, eller er det eit unyttig vestlandsprosjekt?
I den komande valperioden vil Framstegspartiet erstatte sidemål med personleg økonomi og Høgre vil fjerne karakter og eksamen. Er det ein god medisin for å styrke nynorsk i åra framover?
Samtalen vert delt opp i to delar. Den første om kva rolle nynorsk har og vil ha i framtida, den andre om politiske spørsmål om sidemålet og andre konkrete tema.
Debattmøte med toppar frå alle parti.
Møteleiar: Sølve Rydland, politisk redaktør i BA
Tid: Onsdag 20. august klokka 18.00 til 19.30.
Stad: Kulturbaren Skifte, Det Vestnorske Teateret (Logen)
Baren er open for kaffi eller leskedrykk. Dette blir ein av dei store og viktige debattane i valkampen. Vel møtt alle saman!