kalender

Ope møte: Nynorsk i Drangedal

Tid:
3. november 202218.00
Arrangør: Noregs Mållag og Drangedal Mållag

Drangedal Mållag og Noregs Mållag inviterer til ope møte på Drangedal bygdetun klokka 18.00 torsdag 3. november, i samband med at Nynorskstafetten er i kommunen.

Mannskapet i nynorskstafett-bilen er Hege Lothe og Vemund Knutsen frå Noregs Mållag og Synne Solberg frå Norsk Målungdom. Dei vil snakke om aktuelle problemstillingar for nynorsken både nasjonalt og lokalt i Drangedal, og også oppsummere møta dei har hatt med kommunen, barnehagen, skulen, ungdomsskulen og biblioteket i løpet av dagen. Leiar i Drangedal Mållag, Hans Magne Gautefall, vil også vere til stades.

Det vert kaffi og noko å bite i. Møtet er gratis og ope for alle.

Me vonar mange tek turen for ei hyggeleg stund!