Nynorsk inspirasjonsdag i Levanger
Publisert:
6. januar 2026
Tid:
13. januar 2026— 11.30
Stad:
Levanger
Arrangør: Trønderlaget og Nord universitet
Trønderlaget og Nord Universitet inviterer til gratis nynorsk inspirasjonsdag for lærarar, lærarstudentar og andre språkinteresserte.
Tysdag 13. januar klokka 11.30 (startar med gratis lønsj og registering).
Program frå klokka 12.15 til 15 på Rørstad scene, Nord universitetet på Levanger
Forfattar Kari Stai snakkar om bøkene sine og korleis det er å vere nynorskforfattar.
Nynorsksenteret snakkar om korleis bruke ungdomsbøkene til Kari Stai i undervisninga i klasserommet.
I år er det 150 år sidan Olav Duun vart fødd. Lærar og leiar i Trønderlaget, Espen Tørset, les og fortel.