kalender

Nynorsk inspirasjonsdag i Stjørdal

Tid:
19. november 202109:00
Stad:
Stjørdal
Arrangør: Noregs Mållag

Trønderlaget inviterer til Nynorsk inspirasjonsdag for lærarar på Scandic Hell i Stjørdal fredag 19. november 2021.

Program for dagen:
09.00 Registering og kaffi
09.30 Velkomen ved Espen Tørset, leiar i Trønderlaget
10.00 Tore Renberg. Om forfattarskapen og om å skrive på nynorsk
10.30 Kaffepause med bite-ti
10.45 Tore Renberg held fram
11.15 Vi summar og oppsummerer

11.30 Lunsj
12.30 Presentasjon av årets utgåve av Jul i Trøndelag
12.45 Motivasjon og identitet. Om språkleg medvite, haldningar og kunnskap i arbeid med nynorsk mellom born og unge
13.20 Vi summar og oppsummerer
13.30 Pause

13.45 Konkrete tips og idear til nynorskopplæringa. Frå barnehage, via utprøving av nynorsk på mellomsteget, til sidemålsopplæring på ungdomstrinn og i vidaregåande skole
14.30 Stele og dele. Del dine eigne erfaringar og plukk med gode tips frå andre
14.45 Kaffepause med bite-ti
15.00 Lansering av bokpakkar til barnehagar
15.15 Kari Stai. Om forfattarskapen.
15.35 Utdeling av Trøndersk målpris 2021 til Kari Stai 

Pris: 200 kroner. Gratis for mållagsmedlemmar. Lønsj og kaffe med bite-ti er inkludert.
Påmelding her: https://bit.ly/nyn-insp21 innan 12. november