Nynorsk mediefest: Ordskifte og utdeling av Nynorsk redaktørpris 2025
Kva er gode sider ved at vi kan begge målformene og kva det kan vera for føremoner for til dømes journalistar?
Kan nynorsken styrkja det språklege medvitet og bidra som ei slags ”motgift” mot forringing av språkkvalitet? Vi ser det òg opp mot fjorårstemaet om KI-verktøy og kva dei gjer med språkbruken.
Vi ser på språkstoda frå fleire sider: politisk, fagleg, redaktør- og skribentplass.
Vi møter ansvarleg redaktør for Gudbrandsdølen Dagningen, Tom Martin Kj.Hartviksen og Dagfinn Nordbø, satirikaren og skribenten som i seinare år har teke til å skriva nynorsk (Matmonsen i Dag og Tid), leiar for Mediemållaget, Berit Rekve, med fleire.
Det vert kunstnarleg innslag med Dagfinn Nordbø og Gaute Storaas.