kalender

Nynorsk og sunnmørsk mattradisjon

Tid:
15. oktober 202419:00
Stad:
Frivilligsentralen Sjøholt
Arrangør: Borgund Mållag
Skodje og Ørskog Mållag har gått inn i Borgund Mållag, og no skal det vere eit arrangement med mat- og språkkultur i det tidlegare laget sitt kjerneområde.
«Kva skal vi med nynorsken?» 
Dette er temaet for kåseriet til Harald Grytten, den kjende filologen og byhistorikaren gjennom mange år i Ålesund, når Borgund Mållag innbyr til ope møte i Ørskog frivilligsentral på Sjøholt tysdag 15. oktober kl. 19.00.
Tilskipinga er i samarbeid med Ørskog Bygdekvinnelag, og Målfrid Sjåstad og Ragnhild Giskemo frå bygdekvinnelaget vil fortelje om mattradisjonar på Sunnmøre før og no.
Bygdekvinnelaget står også for sal av kaffi, sveler og rundstykke.
Mot slutten av samlinga vil Bjørn Arild Hatlem, leiar for Borgund Mållag, seie litt om  mållagsarbeidet i dagens Ålesund kommune.