kalender

Nynorskdagane i Alver

Tid:
23. oktober 2026
til 30. oktober 2026
Stad:
Alver
Arrangør: Alver kommune

Me ønskjer deg hjarteleg velkommen på Nynorskdagane i Alver 23.-30. oktober!

Sjå heile programmet her!

I programmet finn du informasjon om kvart enkelt arrangement, og lenker til billettar. Det er òg mange gratisarrangement du kan ta del i.

Nokre utvalde høgdepunkt:

  • Offisiell opning av Nynorskdagane. Gratis familiearrangement på Amfi Knarvik laurdag 24. oktober kl. 15.00.
    Sjå meir her
  • Ny musikal med Lindås ungdomslag. Frå 23. til 25. oktober kl. 19.00 kvar kveld.
    Sjå meir her
  • Filmen Kjærast av Jon Fosse og Erik Poppe. Sundag 25. oktober kl. 20.00
    Sjå meir her

Og dette er berre eit lite utval. Du finn mykje meir i programmet øvst i saka.

Årets samarbeidspartar er: 

  • Alversund mållag
  • Bygdekinoen
  • Bygdelaget 5915
  • Knarvik vgs.
  • Knarvik skulekorps
  • Leiknes blåseorkester
  • Lindås mållag
  • Lindås sogelag (saman med bygdelaget, bygdeboknemnda og santitetsforeininga)
  • Lindås ungdomslag
  • Meland jazzkafé
  • Nordhordland kunstlag
  • Radøy mållag
  • Senioruniversitetet i Nordhordland og UKM Nordhordland.

Frå Alver kommune bidreg kulturtenesta ved biblioteket, kulturskulen, Ung Alver, frivilligsentralane og fagstab kultur.