kalender

Nynorskseminaret: Nynorsk i skolane og i lærarutdanninga

Tid:
3. april 202010
Stad:
Høgskolen i Innlandet, Hamar
Arrangør: Hamar dialekt- og mållag og Høgskolen i Innlandet
Telefon: 91 19 54 32

Det er ei stor glede å kunne invitere til det niande nynorskseminaret på Hamar.

Nynorskseminaret har som mål å presentere både forsking og konkrete erfaringar frå praksisfeltet frå dei ulike skoleslaga og frå lærarutdanninga. Ein vil også få tips om litteratur og undervisningsopplegg. Seminaret rettar seg mot studentar, lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar og andre interesserte. Det vil vere 10 minutt til open diskusjon og dialog etter kvart føredrag.

Seminaret er gratis, men vi ber likevel om bindande påmelding sidan vi har tenkt å servere ein enkel lunsj.
Kontakt/påmelding: Jens Haugan, jens.haugan@inn.no, tlf. 911 95 432.

Så langt har det vore eitt seminar om våren og eitt om hausten. Mens vårseminaret er meir ope når det gjeld tema, er haustseminaret knytt til det aktuelle temaet til dei nasjonale forskingsdagane (www.forskningsdagene.no/).
I år har forskingsdagane temaet Hjernen. Nynorskseminaret 10 blir arrangert fredag 25. september.

Har du forskingsresultat, tankar eller erfaringar frå klasserommet du vil dele med deltakarane på eitt av dei kommande nynorskseminara, ta gjerne kontakt allereie no!

Nettstad: http://www.jenshaugan.com/nynorskseminaret/