Nynorskstafetten dag 3: Hjelmeland
Denne veka reiser Nynorskstafetten i Ryfylke i Rogaland, i kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand. Gjennom ei heil veke vert det snakka om nynorsk med ordførarar, kommunedirektørar, oppvekstsjefar, tilsette i barnehagar og på skular, på bibliotek og med lokalt næringsliv for å nemne nokre. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med både materiell og folk. Vi får god hjelp av Nynorsk kultursentrum som sender ut forfattarar og lagar fleire andre gode tilskipingar retta inn imot næringslivet.
Hjelmeland. Dag 3. Program:
08:00 – Målferd på Sand vgs
09:00 – Møte med Årdal skule
10:15 – Møte med Hjelmeland kommune
11:15 – Felles møte med Hjelmeland barnehage og Hjelmeland barnehage
17:00 – Møte med Hjelmeland Mållag
Uvisst tidspunkt – Møte med Hjelmeland Ungdomsskule
Mannskap:
Noregs Mållag: Hege Lothe // Tonje Thorstad Kildal
NMU: Janne Urkegjerde og Endre Helland Gujord
Nynorsksenteret: Synnøve Marie Sætre
LNK: Svein Olav Langåker
Kontaktpersonar:
Leiar Asbjørn Ask, 90 72 87 84