Nynorskstafetten: Hustadvika og Molde
Veke 3:
Denne veka reiser Nynorskstafetten til Nordmøre og Romsdalen. Det er Noregs Mållag og Norsk Målungdom som fyller opp ein stafettbil med både materiell og folk. Gjennom ei heil veke vert det snakka om nynorsk med ordførarar, kommunedirektørar, oppvekstsjefar, tilsette i barnehagar og på skular, med ungdomsråd, på bibliotek og med lokalt næringsliv for å nemne nokre.
Dei som møter denne veka er informasjonsrådgjevar Hege Lothe og politikk- og kommunikasjonsrådgjevar Frida Pernille Mikkelsen frå Noregs Mållag og Emma Hinderaker Pedersen, skrivar i Norsk Målungdom.
Program:
09:00 – Målferd hjå Romsdal vgs
11.15 – Møte med Eidsvåg barne- og ungdomsskule i Molde
19:00 – Jon Fosse-kveld med Hustadvika Mållag på biblioteket i Elnesvågen