Nynorskstafetten: Tingvoll
Denne veka reiser Nynorskstafetten til Trøndelag og Nordmøre. Det er Noregs Mållag og Norsk Målungdom som fyller opp ein stafettbil med både materiell og folk. Gjennom ei heil veke vert det snakka om nynorsk med ordførarar, kommunedirektørar, oppvekstsjefar, tilsette i barnehagar og på skular, med ungdomsråd, på bibliotek og med lokalt næringsliv for å nemne nokre.
Dei som er med denne veka er skulemålsskrivar Ingar Arnøy og redaktør og rådgjevar Vemund Norekvål Knudsen frå Noregs Mållag og Rasmus Tennø Loe, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom.
Program:
10:15 – Norsk Målungdom snakkar med elevane på Tingvoll vgs
14:00 – Straumsnes skole
19:00 – Gjemnes Mållag, Bygdastuå v/ Angvik Hotell