kalender

Omvising på Labråten – heimen til Hulda og Arne Garborg

Tid:
2. juni 202215.00
Arrangør: Bærum Mållag

Torsdag 2. juni 2022 klokka 15. Otto Hvalstadsvei 19, Asker
Inngangspengar: kr 100

Hulda og Arne Garborg kom til Labråten på Hvalstad i Asker i 1897, og her kom dei til å bli buande resten av livet. Labråten vart eit kulturelt kraftfelt i Noreg dei første tretti åra på 1900-talet.

Heimen dei hadde, er godt teken vare på, og står i dag fram slik som på den tida ekteparet budde der, i fargeval, dekorasjonar, møblering og anna innbu. Interiøret er slik eit uttrykk for dei kulturstraumane som var med til å skapa det Noreg som vaks fram etter 1900. Og her møttest Askerkrinsen med Tilla og Otto Valstad, Martha og Rasmus Steinsvik, Kristofer Uppdal, Olav Nygard, Steinar Skjøtt, Henrik RytterRasmus Løland, David Monrad-Johansen, Erik Lie, Valery Carrick, Olav GullvågJo VisdalAstri Welhaven Heiberg, Dina Aschehoug, Helga Ring Reusch, Andreas SingdahlsenRonald Fangen, Wilhelm Rasmussen og Ellen og Johan Bojer.

Labråten er i dag ei avdeling av Asker Museum.

Ta lokaltoget til Hvalstad stasjon og gå til museet på ca. 15 min. Eller ta buss 270 frå Sandvika bussterminal eller Asker togstasjon til stoppet «Asker Museum».