kalender

Ope forfattarmøte og årsmøte i Borgund Mållag

Tid:
13. februar 202319:00
Arrangør: Borgund Mållag

Tid: Måndag 13. februar kl. 19.00

Stad: Moa bibliotek, Ålesund

 

Jan Inge Sørbø, forfattar og litteraturprofessor ved Høgskulen i Volda, kjem til Moa bibliotek måndag 13. februar kl. 19.00 for å snakke om boka Fire store. Dette er eit ope arrangement for alle som er interesserte.
I boka Fire store viser Sørbø kvifor dei fire forfattarane Marie Takvam, Aslaug Vaa, Hulda Garborg og Gro Holm ikkje har fått plassen dei fortener – og kvifor dei bør lesast i dag.

Etter foredraget med Sørbø vert det årsmøte i Borgund Mållag. Nye og gamle medlemmar er hjarteleg velkomne til årsmøtet.