kalender

Oppstartsmøte i Giske Mållag!

Tid:
1. februar 202219:00
Arrangør: Giske Mållag

Giske Mållag inviterter til oppstartsmøte for Giske Mållag tysdag 1. februar på «Nittennullni» (gamleskulen på Valderøya) klokka 19.00.

På møtet kjem Ingebjørg Røyrhus Øyehaug, leiar i Sunnmøre Mållag. Ho vil fortelje om korleis Mållaget arbeider og kva som er dei aktuelle utfordringane for nynorsk nett no.

Ta gjerne kontakt med Anne-Lise Roald om det er noko du vil spørje om på førehand. Kanskje du har nokre gode råd på vegen? Telefonnummeret er 977 05 654 eller e-post: norskroald@gmail.com

Saker på møtet:

Sak 1: Godkjenning av innkalling og dagsorden. Val av møteleiar og skrivar.

Sak 2: Vedtak om å skipe opp att Giske Mållag. 
Framlegg til vedtak:

Årsmøtet i Giske Mållag vedtek at vi startar oppatt i Giske Mållag. Eventuell tidlegare eiga til laget får det nye laget. Det valde styret får fullmakt til å registrere laget i Brønnøysundregisteret og opprette eigen konto eller overta tidlegare konto til laget.

Sak 3: Vedtekter for Giske Mållag
Vi har laga eit framlegg til vedtekter for Giske Mållag.

Sak 4: Val 
Val av styre: Vi har allereie namn på seks folk som ønsker å vere med i styret for å starte oppatt aktiviten i Giske Mållag.

Val av utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag, 1.-3. april på Gardermoen og fylkesårsmøte i Stranda 12. februar.

Sak 6: Idedugnad
Ei runde med laust og fast prat om kva laget skal finne på frametter.

Alle er velkomne!

Beste helsing

Anne-Lise Roald, Arnfinn Vartdal, Trine Røssevold, Robert Fylling, Cecilie Solli og Sindre Røsvik. Interimsstyret i Giske Mållag