Panelsamtale: 100 år med nynorsk salmebok
I 2025 er det 100 år sidan sokneprest Anders Hovden og biskopane Bernt Støylen og Peter Hognestad fullførte arbeidet som blei «Nynorsk salmebok». Boka var eit resultat av at målrørsla var skuffa over delen nynorske salmar i «Landstads reviderte salmebok» frå 1920.
Kor viktig har «Nynorsk salmebok» vore for nynorsk skriftkultur? Og kva rolle spelar salmedikting for skriftkulturen i dag? Dette er nokre av spørsmåla som skal bli drøfta når preses Olav Fykse Tveit, professor Per Halse og festspeldiktar Marit O Kaldhol møtest til samtale om salmeboka og salmar i det heile.
Olav Fykse Tveit er luthersk teolog og biskop, og preses i Bispemøtet i Den norske kyrkja sidan 2020. Per Halse er førsteamanuensis og underviser ved Høgskulen i Volda. Han har doktorgrad frå Universitetet i Oslo om framveksten av nynorsk kyrkjespråk. Marit O Kaldhol er pedagog og skjønnlitterær forfattar av poesi og prosa for barn/unge og vaksne, og aktiv medlem av Den norske kyrkja og Norske kirkeakademier. Samtaleleiar er direktør for Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik.