Samling for unge vaksne
Vi inviterer til samlinga for unge vaksne. Medlemer frå 25 år til 40 år, i tillegg til sentralstyret i Norsk Målungdom er målgruppa. Det blir faglege innleiingar og sosialt opplegg, og målet er å få unge vaksne tillitsvalde til å møtast og bli aktive i Mållaget.
Seminaret blir på skrivarstova i Dronningens gate 22 i Oslo laurdag 20. september og sundag 21. september 2025.
11.30 Lunsj
12.30 Velkomen til felles samling for unge vaksne, nye lokallagsleiarar og styret!
ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag. Presentasjonsrunde.
12.45 Kva er utfordringane for nynorsk, språkteknologi og kunstig intelligens nett no?
ved Kristine Eide, seniorrådgjevar i Språkrådet
Kva utforderingar ser Mållaget? Kommentar ved Peder Lofnes Hauge
Ordskifte.
13.45 Pause
14.00 Korleis få meir nynorsk i fagrørsla? Korleis kan Mållaget styrkje seg i fagrørsla?
ved Tommy Tverdal, leiar i Mållaget i LO-adminstrasjonen og varamedlem til styret i Noregs Mållag.
14.40 Verving, verving, verving til 16 000!
ved Live Bjørnstad Havro, nestleiar i Noregs Mållag
15.00 Takk for no! Avslutning av felles samling.
***
15.30 Opning av samling for unge vaksne. Presentasjonsrunde.
15.45 Språk i valkampar med eit særleg blikk på Røldal i 1910
ved Jens Kihl, kulturredaktør i BT
16.45 Om å vere ung og fersk i Mållaget
17.30 Vi går saman til Det Norske Teatret
18:00 Spynorsk. The musical.
21:00 Middag på Skrivarstova
Sundag 21. september
10.00 Er det ein auka aksept for bruk av nynorsk og dialekt i media?
ved Tonje Thorstad Kildal, kommunikasjonsrådgjevar hjå Mållaget og skreiv oppgåve
10.40 Om å lese tekstar på nynorsk som sidemål
ved Elise Takle, universitetslektor ved Oslo Met
11.30 Pause
11.45 Den nye opplæringslova – eit framhald av språkleg nøytralitetspolitikk? Språklova heimlar differensierte tiltak for å styrkje nynorsken, men har det praktisk innverknad på utviklinga av ny språkpolitikk? Og korleis bør målrørsla arbeide strategisk med å oppnå dei språkpolitiske målsetnadane i språklova?
ved Synnøve Marie Sætre, senterleiar ved Nynorsksenteret og har nyleg skrive masteroppgåve om den nye opplæringslova
Ordskifte
13.00 Evaluering. Takk for no og lønsj!
Slutt om lag 14.