kalender

Samling for unge vaksne i Mållaget

Tid:
21. september 202412:00
til 22. september 202414:00
Arrangør: Noregs Mållag

Til hausten inviterer vi på ny til den populære samlinga for unge vaksne. Medlemer frå 25 år til 40 år, i tillegg til sentralstyret i Norsk Målungdom er målgruppa. Det blir faglege innleiingar og sosialt opplegg, og målet er å få unge vaksne tillitsvalde til å møtast og bli aktive i Mållaget.

Seminaret blir på skrivarstova i Dronningens gate 22 i Oslo laurdag 21. september og sundag 22. september 2024.  Deltakaravgift: 1000 kroner. Den summen dekkjer du eller laget ditt. (Noregs Mållag dekkjer overnatting, reise over 300 kroner og mat).

Når programmet er klart vert det lagt ut. Det blir ei god blanding av aktuell målpolitikk, strategi og kultur.

Vi byrjar laurdag 21. september om lag klokka 12 og held på til søndag 22. september klokka 14.

Påmeldingsfrist er 12. september. Påmelding til hege.lothe@nm.no Det er avgrensa tal plassar på seminaret.
OBS! Det er særs viktig å tinge fly-, tog,- eller bussbillettar så tidleg som råd.