Samling for unge vaksne i Mållaget
Til hausten inviterer vi på ny til den populære samlinga for unge vaksne. Medlemer frå 25 år til 40 år, i tillegg til sentralstyret i Norsk Målungdom er målgruppa. Det blir faglege innleiingar og sosialt opplegg, og målet er å få unge vaksne tillitsvalde til å møtast og bli aktive i Mållaget.
Seminaret blir på skrivarstova i Oslo laurdag 23. september og sundag 24. september. Deltakaravgift: 1000 kroner. Den summen dekkjer du eller laget ditt. (Noregs Mållag dekkjer overnatting, reise over 300 kroner og mat).
Førebels program for samling for unge vaksne 2023
Stad: Skrivarstova i Oslo , Lilletorget 1.
Tid: Laurdag 23. september og søndag 24. september 2022
11.30 Felles lunsj for styret, lokallagsleiarar og unge vaksne
(både for lokallagstillitsvalde og dei som kjem til unge vaksne-samlinga)
12.30 Kvifor treng framtida til norsk språk kunstig intelligens?
ved Frida Pernille Mikkelsen, politikk- og kommunikasjonsrådgjevar i Noregs Mållag
13.15 Målsaka og (lokal)politikken – korleis nytte seg av politikken?
ved Trine Østereng, rådgjevar i Tankesmia Agenda
Spørsmål og ordskifte
14.00 Kva kan Stortinget gjere for nynorsken i kommunane og fylkeskommunane?
ved Ingrid Fiskaa, stortingsrepresentant og femte visepresident (SV), Rogaland
14.20 Korleis står målsaka lokalt etter valet? Kva kan gjerast?
Panelsamtale: Peder Lofnes Hauge, leiar i Mållaget, Vibeke Johnsen, varaordførar i Sogndal kommune, Trine Østereng, rådgjevar i Tankesmia Agenda og Ingrid Fiskaa, stortingsrepresentant.
15.30 Takk for no! Lokallagsseminar og styremøtet vert avslutta – og samling for unge vaksne forset åleine
16.00 Velkomen til samling for unge vaksne i Noregs Mållag! Presentasjonsrunde.
18.00 I svarte skogen inne av Jon Fosse på Det norske teatret (1 time)
19.30 Middag på skrivarstova
Søndag 24. september:
09.30 Dei norske folkebiblioteka. Språkpolitiske aktørar?
ved Fredrik Hope, rådgjevar i Nynorsk kultursentrum
10.30 Kva er den målpolitiske situasjonen nett no? Kva gjer vi eigentleg med opplæringslova?
Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs Mållag
Gunnhild Skjold, leiar i Tromsø Mållag
Rasmus Tennø Loe, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom
Spørsmål og ordskifte
11.30 Pause (med noko å bite i)
11.45 Om å vere ung og fersk i Mållaget. Kva bør vi bli betre på? Gode tips på vegen …
12.45 «Klok kvinne eller digg dame?» Om kjønn, omsetjing og norrøn litteratur
ved Kristin Fridtun, forfattar
13.15 Evalueringa av unge vaksne-samlinga
13.30 Avslutning og takk for no! Vi et lunsj saman.
Påmeldingsfrist er 14. september. Påmelding til hege.lothe@nm.no Det er avgrensa tal plassar på seminaret.