Samsnakk om språk
Noregs Mållag og Bergens Riksmålsforening inviterer til historisk språkmøte.
Dette har nok ikkje skjedd før: Noregs Mållag og Bergens Riksmålsforening går saman om å invitere til ein romsleg laurdagsettermiddag om språkleg mangfald og kvalitet. Arrangementet samlar interessante stemmer i norsk språkdebatt til samtale om framtida for norsk språk.
– Vi er usamde om mykje, men deler eit felles engasjement for norsk språk, og ei felles uro for korleis språket vårt taper terreng på ulike område i samfunnet. Difor går vi saman om eit slikt arrangement, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.
Han er særleg oppteken av framlegget om å grunnlovfeste norsk som nasjonalt hovudspråk, med jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, som Stortinget skal handsame denne hausten.
Styreleiar Fredrik Mehn-Andersen i Bergen Riksmålsforening trur det blir ein interessant ettermiddag.
– Det er viktig at gode krefter som bryr seg om norsk språk snakkar saman. Vi skal diskutere mellom anna språk og makt, framtidida for norsk som fagspråk og korleis KI endrar språket vårt, seier han.
Studentersamfunnet i Bergen er medarrangør.
Blant dei som deltek:
- Jill Walker Rettberg, professor, UiB
- Marita Kristiansen, leiar, Senter for norsk fagspråk, UiB
- Kjetil Aasen, protokollsekretær i Høgsterett
- Ove Trellevik, stortingspolitikar
- Ingrid Andersen Eggen, leiar av Studentersamfunnet i Bergen
- Fredrik Mehn-Andersen, styreleiar i Bergens Riksmålsforening
- Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
- Isak Slettebø, frå styret i Vestmannalaget
- Siri Pettersen Strandenes og Ragna Sofie Grung Moe, frå styret i Bergens Riksmålsforening
- William Hazell, møteleiar, frå styret i Bergens Riksmålsforening
Gratis inngang!