kalender

Seminar for lokallagsleiarar

Tid:
20. september 202417:00
til 21. september 2024
Arrangør: Noregs Mållag

Dette er eit seminar for nye lokallagsleiarar (i alle aldrar). Det er også aktuelt for nye styremedlemer i lokallag og fylkeslag. Du treng heller ikkje vere heilt ny i rolla for å få veldig godt utbytte av seminaret. Seminaret vert på skrivarstova i Dronningens gate 22 i Oslo fredag 20. september og laurdag 21. september 2024.

Middag fredag kveld vert saman med styret i Noregs Mållag. Deltakaravgift: 1000 kroner. Det er laget som dekkjer deltakaravgift. (Noregs Mållag dekkjer overnatting, reise over 300 kroner og mat).

Påmeldingsfrist er 12. september. Påmelding til hege.lothe@nm.no Det er avgrensa tal plassar på seminaret.
OBS! Det er særs viktig å tinge fly-, tog,- eller bussbillettar så tidleg som råd. 

Fredag 20. september: Lokallagsseminar

16.00 Enkel servering til dei som ynskjer det

17.00 Velkomen til seminar! ved Hege Lothe. Presentasjonsrunde. 

17.15 Medlemssystemet, medlemsregister, medlemspengar og verving. Årsmeldingar, mållagsåret, økonomi for lokallaga, momsrefusjon og Grasrotandelen med meir
ved Erik Grov, organisasjonsrådgjevar / Per Henning Arntsen, økonomirådgjevar
Spørsmål og ordskifte 

18.30 Korleis bli god på sosiale medium for lokale mållag? 
ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag
Spørsmål og ordskifte 

19.30 Seminar slutt 

20.15 Felles middag på skrivarstova (for både styret, tilsette og deltakarar)

Laurdag 21. september

09.30 Kvifor nynorsk? – språkhistorie, språkstrid og argument
ved Synne Solberg, nestleiar i Norsk Målungdom 

10.30 Kvifor Noregs Mållag?
– kort om historia til målrørsla og mållaget
– kva slags sigrar byggjer vi vidare på?
– korleis er organisasjonen vår bygd opp?
ved Magnus Bernhardsen

11.20 Avslutning av denne delen av programmet. Kort evaluering. 

11.30 Lunsj 

12.30 Velkomen til felles samling for unge vaksne, nye lokallagsleiarar og styret!
ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag. Presentasjonsrunde. 

12.45 Kva er utfordringane for nynorsk språk i språkmodellar og kunstig intelligens? 
ved Kristine Eide, seniorrådgjevar i Språkrådet og har ansvar for språkteknologi
Kva utforderingar ser Mållaget? Førebudd kommentar ved Peder Lofnes Hauge
Ordskifte.

13.45 Pause 

14.00 Korleis få meir nynorsk i fagrørsla? Korleis kan Mållaget styrkje seg i fagrørsla?
ved Tommy Tverdal, leiar i Mållaget i LO-adminstrasjonen og varamedlem til styret i Noregs Mållag. 

14.40 Verving, verving, verving til 16 000!
ved Live Bjørnstad Havro, nestleiar i Noregs Mållag 

15.00 Takk for no og vel heim!