kalender

Seminar for lokallagsleiarar

Tid:
22. september 2023
til 23. september 2023
Stad:
Skrivarstova, Oslo
Arrangør: Noregs Mållag

Dette er eit seminar for nye lokallagsleiarar (i alle aldrar). Det er også aktuelt for nye styremedlemer i lokallag og fylkeslag. Du treng heller ikkje vere heilt ny i rolla for å få veldig godt utbytte av seminaret. Seminaret vert på skrivarstova i Oslo fredag 22. september og laurdag 23. september 2023.

Middag fredag kveld vert saman med styret i Noregs Mållag. Deltakaravgift: 1000 kroner. Det er laget som dekkjer deltakaravgift. (Noregs Mållag dekkjer overnatting, reise over 300 kroner og mat).

Førebels program for nye lokallagsleiarar 2023 

Fredag 22. september
17.00 Velkomen til seminar! ved Frida Pernille Mikkelsen. Presentasjonsrunde. 

17.15 Medlemssystemet, medlemsregister, medlemspengar og korleis drive godt vervearbeid. Årsmeldingar, mållagsåret, økonomi for lokallaga, momsrefusjon og Grasrotandelen med meir
ved Erik Grov, organisasjonsrådgjevar / Per Henning Arntsen, økonomirådgjevar 

Spørsmål og ordskifte 

18.15 Om sosiale medium, informasjons- og pressearbeid
ved Frida Pernille Mikkelsen, politikk- og kommunikasjonsrådgjevar og Vemund Knudsen, politisk rådgjevar og redaktør i Norsk Tidend
Spørsmål og ordskifte 

20.00 Felles middag klokka 20 på skrivarstova

Laurdag 23. september
09.30 Kvifor nynorsk? – språkhistorie, språkstrid og argument
ved Synne Solberg, nestleiar i Norsk Målungdom 

10.30 Kvifor Noregs Mållag?
– kort om historia til målrørsla og mållaget
– korleis er organisasjonen vår bygd opp?
ved Birgitta Lim Ersland, mangeårig aktiv medlem i fylkeslag og sentralt og no medlem av valnemnda

11.30 Lunsj 

12.30 Kvifor treng framtida til norsk språk kunstig intelligens?
ved Frida Pernille Mikkelsen, politikk- og kommunikasjonsrådgjevar i Noregs Mållag

13.15 Målsaka og (lokal)politikken – korleis nytte seg av politikken?
ved Trine Østereng, rådgjevar i Tankesmia Agenda
Spørsmål og ordskifte 

14.00 Kva kan Stortinget gjere for nynorsken i kommunane og fylkeskommunane?
ved ved Ingrid Fiskaa, stortingsrepresentant og femte visepresident (SV), Rogaland

14.20 Korleis står målsaka lokalt etter valet? Kva kan gjerast?
Panelsamtale: Peder Lofnes Hauge, leiar i Mållaget, Vibeke Johnsen, varaordførar i Sogndal kommune, Trine Østereng, rådgjevar i Tankesmia Agenda og Ingrid Fiskaa, stortingsrepresentant. 

15.30 Takk for no! 

Påmeldingsfrist er 14. september. Påmelding til hege.lothe@nm.no Det er avgrensa tal plassar på seminaret.