Skal vi snakke om det?
Onsdag 29. april inviterer Nynorskhuset til nasjonal språkkonferanse i Førde.
I ei polarisert verd er samtalen verdt å verne om. Snakkar vi meir enn før, men lyttar mindre? I ein hurtig straum av pyntespråk, ungdomsspråk, anglisismar og KI-genererte vendingar, når vi i det heile tatt fram til kvarandre?
Gjennom programskapar Thomas Seltzer ser vi på kva godt og gale KI byr på for oss menneske. Kva skjer om maskinene blir smartare enn oss?
Forfattar Helene Uri viser oss korleis språkval kan både auke og minske gapet mellom oss.
Det er også duka for ein humoristisk og tankevekkande prat om dei unge sitt språk. Unge språkbrukarar og professor Gunnstein Akselberg, kjent frå Språksjov på NRK, møtest til ein prat om praten.
Dramatikar og samfunnstenkar Maria Tryti Vennerød spør om vi menneske har det språket vi treng for å gjere meining av alt som skjer kring oss.
Forfattar Katrine Sele er ein av fleire som møter dagens konferansier, Finn Tokvam, til ein sofaprat.
Restauranten Røyst står for både lunsj og minglemiddag. Før dagen blir avslutta med Idun Losnegård i storform i teaterframsyninga “Eg er Lucy Barton”.
Programmet og plassane fyller seg opp fortløpande, så sjekk ut siste nytt om kven som kjem og kjøp billett her.
Språkkonferansen er arrangert av sambuarane i Nynorskhuset, den største nynorskklynga i landet: Teater Vestland, NRK Vestland og Firda, saman med systersentera Nynorsk scenespråksenter, Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter.