kalender

Oppstartsmøte av Nesna Mållag

Tid:
30. januar 202518:00
Stad:
Nesna
Arrangør: Nesna Mållag
Er du oppteken av språkleg mangfald? Interessert i dialektar? Har du sansen for litteratur? Er du nysgjerrig på korleis ein kan jobbe for språkleg identitet? Synest du fylkets språksensur er litt dustete? Bli med på skipingsmøte av Nesna Mållag!
Oppstartmøte av Nesna Mållag:
Torsdag 30. januar klokka 18
Stad: Rom  A204 (i gammalbygget) på Nord universitet, campus Nesna
Førebels program:
– Foredrag om Nynorskens historie på Nesna (frå midten av 1800-talet fram til i dag) ved Berit Oksfjellelv og Hallvard Kjelen
– Informasjon om mållaget og om lokale vyar og visjonar for laget med idèmyldring ved Kurt Are Einmo
– Opplesing av dikt frå den lokale forfattaren Jon Klæbo ved Anne Lise Wie
– Val av møteleiar
– Val av styre
– Vedtak av vedtekter
– Musikalsk Elias Blix-innslag ved Marian Børli Sivertsen og Snorre Magnus Sivertsen
– Eventuelt
Medlemmer av Noregs mållag har stemmerett og kan bli vald inn i styret.
Facebookarrangement: https://www.facebook.com/events/589095520521726
Her kan du melde deg inn: https://www.nm.no/bli-medlem/
Andre nysgjerrige er hjarteleg velkomne til å titte uforpliktande innom !
Vel møtt!
Kontakt: Berit Oksfjellelv, berta_bokreol@hotmail.com, 90 55 78 89