kalender

Om vilkåra for nynorskelevane

Tid:
19. februar 202110:00
Arrangør: Hordaland Mållag

Skulmålsseminar: Vilkåra for nynorskelevane i eit målbyteperspektiv 

Fredag 19. februar frå klokka 10 til 13.30 med pause frå klokka 11.30 til klokka 12. 

Bakgrunnen for seminaret er at halvparten av nynorskelevane byter skriftspråk frå dei byrjar i fyrste klasse i grunnskulen  til dei går ut or den vidaregåande skulen. Slik er det og i Hordaland.

Program for dagen:

Bente Kleppe Lervik: Om vilkåra for nynorskelevane på ungdomsteget.
(15 minutt)

Torstein Telle: Om vilkåra for nynorskelevane i den vidaregåande skulen.
(10 minutt)

Liva Thiis: Språkdelt ungdomskule – Oddamodellen  i eit identitets-  og språkviljeperspektiv.
(10 minutt)

Ingvil Brugger Budal: Korleis kan me gjeva nynorskelevane gode vokstervilkår slik at dei vert trygge språkbrukarar?
(15 minutt) 

Ida Marie Jegteberg: Nynorsk i høgskuleutdanninga:  Kva seier fagplanane om nynorskkompetansen til lærarar utan norsk i fagkrinsen?
(10 minutt)

Torill Eidsheim: Har me to jamstelte og allmenne skriftspråk i Noreg? Skal nynorsk og bokmål vera to jamstelte og allmenne skriftspråk i Noreg i framtida?
(10 minutt)

Liv Signe Navarsete: Har me To jamstelte og allmenne skriftspråk i Noreg? Skal nynorsk og bokmål vera to jamstelte og allmenne skriftspråk i Noreg i framtida?
(10 minutt) 

Peder Lofnes Hauge: Målpolitisk strategi for å hindra målbyte. 
(10 minutt)

Ordstyrar: Vigleik Brekke

Seminaret er ope vil verta sendt på YouTube: https://youtu.be/gAO2JSa4XF0 og vil såleis vera tilgjengeleg for alle. Etter innleiingane er det berre innleiarane som kan delta ordskiftet. Men dei som fyljer seminaret på YouTube, kan skriftleg koma med kommentarar, synspunkt og spørsmål som vert formidla vidare av ordstyraren.»

 

Liste over innleiarane:
Bente Kleppe Lervik, rektor på Fjell ungdomsskule.

Torstein Telle, rektor på Sotra vidaregåande skule.

Liva Thiis, mastegradsstudent med norsk i fagkrinsen. Ho studerer på NTNU i Trondheim. Ho er oppvaksen i Odda.

Ingvil Brugger Budal, norskprofessor på Høgskulen på Vestlandet. Ho er oppvaksen i Austerheim.

Ida Marie Jegteberg, mastergradstudent i norsk på Høgskulen på Vestlandet. Ho er oppvaksen i Åkra i Kvinnherad.

Torill Eidsheim, stortingsrepresentant for Høgre frå Hordaland sidan 2013, Kommunestyre-representant i Radøy 1999 til 2003. Utdanning i m.a. web-design og organisasjonspsykologi  Ho er oppvaksen i Lindås der ho gjekk på Eikanger barneskule.

Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Sogn og Fjordane. Statsråd frå 2005 til 2013. Ho er oppvaksen i Sogndal.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. Han er oppvaksen på Sandane i Gloppen kommune.

Vigleik Brekke, informasjonsmedarbeidar i Øygarden kommune. Han er oppvaksen i Ølen.