kalender

Utlysing av stilling: Økonomi- og administrasjonsrådgjevar

Tid:
25. oktober 2026
Arrangør: Noregs Mållag

Søknadsfrist er 25. oktober!

Er du økonom med hjarte for nynorsk?
Noregs Mållag søkjer etter ein allsidig, kreativ og fleksibel person som ønskjer å arbeida som økonomi- og administrasjonsrådgjevar i heil, fast stilling. Stillinga er ledig frå 1. mars. Dei sentrale arbeidsoppgåvene er:

  • fakturering og lønskøyring
  • rekneskapsføring
  • mva-kompensasjon
  • kurspåmeldingar inkl. organisering av reise og opphald
  • inntektsbringande arbeid for organisasjonen
  • innkjøp av materiell og rekvisita, kontroll med varelager
  • dagleg drift av kontoret

For stillinga gjeld:

Du må ha utdanning på høgskule- eller universitetsnivå. God dokumentert røynsle frå økonomiarbeid kan i nokon grad kompensera for utdanning. Stillinga krev evne til sjølvstendig arbeid og kan føra med seg noko helgearbeid og reising.

Stillinga blir lønt frå 560 000 til 690 000 kroner med innplassering etter utdanning og ansiennitet. Arbeidsspråket er nynorsk, og målpolitisk engasjement er ein fordel.

Kontorplass Oslo sentrum.

Om Mållaget som arbeidsgjevar: 

Noregs Mållag arbeider for å fremja nynorsken og dialektane. Vi har i dag drygt 16 000 medlemer i om lag 180 lokallag over heile landet, eit styre på sju medlemer, landsmøtevald leiar i 100 % frikjøp og landsmøte annakvart år. Skrivarstova har i dag åtte heiltidstilsette. Vi held til i Oslo sentrum. Noregs Mållag er medlem i arbeidsgjevarorganisasjonen Virke, med pensjonsordning for dei tilsette.

Søknad med kopi av attestar og vitnemål kan sendast til Noregs Mållag, Dronningens gate 22, 0154 Oslo, eller på e-post til dagleg leiar, gro.morken@nm.no i løpet av 25. oktober.

Spørsmål? Kontakt Gro Morken Endresen, telefon 957 85 560.