kalender

Språk i multi-etniske ungdomsmiljø og påverknad på normert norsk

Tid:
29. november 202219.00
Arrangør: Bærum Mållag

Tysdag 29. november inviterer Bærum Mållag til program på Bekkestua bibliotek. 
Innleiar: Toril Opsahl 

Fleire forfattarar har dei siste åra komme med romanar der hovudpersonane talar det nokre vil kalle «kebabnorsk». Vi møter ein av forfattarane saman med Toril Opsahl frå Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo. Ho har sett på kva som kjenneteiknar språket i slike ungdomsmiljø og om det vil endre språket vi alle talar og skriv.  

Toril Opsahl har tidlegare arbeidd ved Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur, Høgskulen i Volda og vore redaktør/forskar ved prosjektet Norsk Ordbok 2014.