kalender

Språk og makt med Oddny Irene Miljeteig

Tid:
5. november 2026— 18:00
Arrangør: Stryn bibliotek

Føredrag med Oddny Irene Miljeteig

Korleis formar språket samfunnet vårt? Kven slepp til i den offentlege samtalen, og kven blir haldne utanfor?

I dette føredraget set samfunnsdebattant, tidlegare toppolitikar og nynorskforkjempar Oddny Irene Miljeteig søkjelyset på samspelet mellom språk og makt. Ho har lang erfaring frå politikk, organisasjonsliv og kyrkjeleg arbeid. Det har gitt henne god innsikt i korleis språk kan skape deltaking, men også ekskludering.

Miljeteig har gjennom fleire tiår vore ei markant stemme i samfunnsdebatten, mellom anna som kommunalråd i Bergen og nestleiar i SV. Ho er i dag medlem av Kyrkjemøtet, Bjørgvin bispedømeråd og Mellomkyrkjeleg råd.

Velkomen til ein aktuell og tankevekkjande kveld i regi av Sancta Sunniva Kyrkjeakademi for Nordfjord, med Stryn bibliotek som medarrangør.

Klikk her for å lesa meir