kalender

Teatertur med Bærum Mållag

Tid:
27. august 2022
Arrangør: Bærum Mållag

Bærum Mållag gjentek suksessen frå 2019 og arrangerer teatertur til Sunne i Värmland med billett til framsyninga «En saga om en saga» på Västanå teater laurdag 27. august kl 16.00 og middag og overnatting på Ulvsby herrgård til søndag.

Västanå Teater er eitt av Sveriges største sommarteater. Det held til i ein gigantisk ombygd låve, «Berättarladan» i Sunne.  Teateret er kjent for dei fargerike oppsetjingane sine, prega av musikk, dans og flotte kostyme og med sterke innslag av folkekultur, segner og mytar. I år har teateret 50-årsjubileum og det blir ei storveges oppsetting med utgangspunkt i Selma Lagerlöfs dikting i regi av legendariske Leif Stinnerbom og med originalmusikk av Magnus Stinnerbom.

Meir om arrangementet her: Teatertur 2022 – www.baerummaallag.com