kalender

Treng vi norsk i akademia?

Tid:
28. april 202219.00
Arrangør: Bærum Mållag

Med Cecilie Hellestveit og Kristian Gundersen

Torsdag 28. april 2022, kl 19.00,  Bekkestua bibliotek
Inngangspengar: kr 100

Kva skjer med språket vårt når mesteparten av forskinga i landet er på engelsk? Kva skjer med kunnskapsformidlinga når så mange forskarar ikkje brukar eller kan norsk? Og kva vil det seie for samfunnsdebatten og det demokratiske ordskiftet? Forsking må vera ubunden av landegrenser, men universiteta har også eit samfunnsoppdrag med utgangspunkt i språk, identitet og verdiar i den staten som finansierer dei.

Bærum Mållag har invitert Cecilie Hellestveit og Kristian Gundersen, to framståande akademikarar frå to ulike fagområde til å innleie til debatt om desse spørsmåla. Begge er uredde debattantar, kjende for å stå fram med fagleg tyngd og velgrunna argument. Halvor Tjønn er møteleiar.

Cecilie Hellestveit er jurist og samfunnsvitar. Ho har studert og arbeidd i Midtausten, USA, Russland, Frankrike og Tyskland og har vore knytt til ei rad forskingsinstitusjonar i Noreg og utlandet. Ho vart «Årets namn i akademia » i 2021. Da hadde ho på spissformulert vis stilt spørsmål ved auken av utanlandske forskarar ved norske utdanningsinstitusjonar. Det løyste ut ein stor prinsipiell debatt om internasjonaliseringa av norske universitet og den akademiske ytringsfridomen. Ho er fast spaltist i Dag og Tid.

Kristian Gundersen er professor i fysiologi ved Universitetet i Oslo og har forska på nerve-muskel-interaksjonar. Han har også hatt mange universitetspolitiske verv, og har sete i universitetsstyret ved Universitetet i Oslo. Gundersen er ein aktiv, profilert formidlar og har engasjert seg i mange offentlege debattar både om universitetet og om emne innanfor eigne fagfelt. Han skriv i Aftenposten i spalta «Uviten».