kalender

«Venterom» i Kimen

Tid:
5. oktober 202019:00
Stad:
Kimen kulturhus i Stjørdal
Arrangør: Stjørdal Mållag og Stjørdal bibliotek

Tre kjente og kjære kunstnarar kjem til Kimen måndag 5. oktober klokka 19 med eit flunkande nytt program dei kallar «Venterom». Skodespelar Ragnhild Vannebo og musikarane John Pål Inderberg (saxofonar) og Erling Aksdal (piano) har skapt ei førestilling omkring dikt av den færøyske forfattaren Jóanes Nielsen, dikt om aldring og «livets tildragelser» uttrykt gjennom frodig humor og beiskt alvor.

Dikta i førestillinga er henta frå diktsamlinga «Gudehovud» frå 2017, på norsk i 2018.

Omsettar Lars Moa vil halde ei kort innleiing om forfattaren før framsyninga. Etter førestillinga vil Trønderlaget overrekke Trøndersk målpris 2020 til Lars Moa.