Den store verveveka
Frå 1. til 7. oktober er det den store verveveka i Noregs Mållag. Då samlast heile organisasjonen om å verve nye medlemer til Mållaget. Frå 1. oktober vert ein nemleg medlem ut heile 2026 for berre 200 kroner.
Vervetevling
Fem av lokallaga som vervar flest nye medlemer i løpet av veka, vinn fine bokpakker (me trekkjer). Som ein bonus fell «nobeldagen» 5. oktober midt i veka, dagen i 2023 då det blei kjent at Jon Fosse fekk nobelprisen.
Målsetnad: 16 000
Når veka startar har om lag 15 600 medlemer betalt medlemspengar. Om me får 200 til å betale og vervar 200 nye, så når me målet vårt om 16 000 medlemer for andre år på rad!
Kvifor bli medlem?
Å vere medlem i Mållaget sender ei tydeleg melding til dei som har ansvar for nynorsken, nemleg styresmaktene. Noregs Mållag jobbar for tiltak som løftar nynorsken, og med 16 000 mållagsmedlemer i ryggen aukar sjansane våre for gjennomslag.
Korleis bli ny medlem, eller verve?
Gå til www.nm.no/bli-medlem, eller send e-post til medlem@nm.no.