kalender

Voss Mållag 125 år!

Tid:
4. februar 202318.00
Arrangør: Voss Mållag

Voss Mållag feirar 125-årsjubileum laurdag 4. februar klokka 18 i Osasalen på Ole Bull Akademiet. 

Det er eit program gullrekka av nynorskstjerner!

Ingvild Bryn er konferansier. Småkvedarane, Markus Lirhus og Berit Opheim har musikalske innslag.

Noregs Mållag stiller med Peder Lofnes Hauge, leiar i Mållaget og direktør Åse Wetås kjem frå Språkrådet. Eirik Helleve, tidlegare leiar i Voss Mållag, held kåseri om oppstarten av laget.

Heile Noregs Linda Eide og professor Gunnstein Akselberg let praten gå med utgangspunkt i tittelen: Vossadialekten, på høgde med det beste frå utlandet!

Ingvild Bryn skal snakke med Åse Wetås og Solveig Brunvoll, jusstudent frå Voss og medlem i Juristmållaget, om korleis det er å nytte nynorsk som arbeidsspråk, den nye språklova, om erfaringar som utflytta vossing og om bruk av nynorsk på universitetet.

Ingvild Bryn vil også snakke med Peder Lofnes Hauge om korleis ein kan løfte fram nynorsken, jobbe politisk og målretta i organisasjonen framover.

Det vert også tid til drøs og litt servering.

Alle er velkomne!