norsk tidend

Klasserommets digitale klasseskilje

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Då nynorskelevane trong dei, gjekk Arbeidarpartiet og Senterpartiet til Høgre og Frp for å halde nynorskkrav ute av opplæringslova. Mindretalsspråk er ei ulempe i skulen til kunnskapsminister til Tonje Brenna (Ap).

LEIARTEIGEN: PEDER LOFNES HAUGE

Samane har ikkje berre kjempa mot vindmøller denne våren. Samstundes som dei blokkerte departementsdørene har dei stanga hovudet i veggane dørene står i. Samtalar om opplæringslova braut saman, dei blei ikkje høyrt. Regjeringa seier sjølv det har blitt gjort for lite for samisk språkopplæring, men å lovfeste retten til læremiddel på samisk vil dei ikkje ha noko av.

Nynorskelevane har heller ikkje blitt høyrt. Verken regjeringa eller Stortinget har i alle fall høyrt godt nok etter. Med store bokstavar har vi skildra den nynorske læremiddelkrisa i digitale klasserom, men vi nådde ikkje fram.

Mållaget ba aldri om særrettar – sjølv om vi med språklova i hand kunne gjort det. Vi bad berre om like vilkår for nynorskelevar og bokmålselevar. I dag har alle elevar rett til læremiddel på eige språk. Læremiddel er ikkje lenger ei trykt bok pr. fag, men eit mylder av ulike større og mindre appar, digitale plattformer og læringsressursar.

Når berre eit fåtal av desse finst på nynorsk, får ikkje nynorskelevane opplæringa si på språket sitt. Dei møter for lite nynorsk og får ei kvalitativt dårlegare opplæring. Eit samla språkmiljø, Utdanningsforbundet, Elevorganisasjonen, Forleggerforeningen, Språkrådet, AUF og 121 ordførarar i Noreg bad om nynorskkrav for læringsressursar som eksplisitt er laga for bruk i skulen.

Illustrasjon: Pixabay

*

Mållaget ønskte seg fleire ting i lova, mellom anna at røystereglane for skulemålsrøystingar skal vere som i dag, og vere regulert i lovteksten. Det skriv Vemund Norekvål Knudsen meir om i sin redaktørteig. Det var rett og slett for lite vilje i regjeringsfraksjonen til å gå skikkeleg inn i dei nynorske problemstillingane denne gongen.

Mållaget har jobba med den nye lova sidan Nordrum-utvalet blei sett ned i 2017 og leverte si offentlege utgreiing i 2019. I skuggen av læringsressurstapet står det att to viktige sigrar for nynorsken.

1) Språkdeling i ungdomskulen. At retten til å tilhøyre eigne målformsgrupper blir utvida til å gjelde også ungdomsskulen er historisk, og var det vi var mest nøgde med då Solberg-regjeringa sende lova på høyring i 2021. No er det vedtatt i Stortinget. Det vil trygge språkopplæringa, og sørge for at mange nynorskelevar får møte meir nynorsk gjennom heile skuleløpet. Særleg i språkblanda område vil dette vere eit viktig tiltak for å motverke språkskifte. Kostnaden er rekna til å ligge ein stad mellom 55 og 85 millionar kroner, som må kome øyremerkt i statsbudsjetta frametter.

2) Absolutt krav til skriveprogram. Solberg-regjeringa la også inn eit krav om at skulen berre kan bruke skriveprogram med nynorsk stavekontroll, men med atterhaldet «så langt som råd». Desse fire orda ville i praksis slått beina under kravet, og Tonje Brenna fortener skryt for å ha plukka det bort – og gjort kravet absolutt. No blir det slutt på at elevar skal lære seg å skrive i eit program som gjev dei raude strekar under nynorske ord dei har skrive rett. Dette er ein kjempesiger for nynorsken, og gjennomslaget vårt tvingar Google og andre til å lære seg nynorsk om dei vil selje produkta sine til skulen. Om ikkje Google får på plass nynorsk stavekontroll til 2024 er det berre å kaste maskinene deira ut vindauga i norske klasserom. Då er dei ulovlege.

*

Det er eit paradoks at styresmaktene brukar lova til å tvinge internasjonale teknologigigantar til å lære seg nynorsk, men viser uvilje mot å gjere det for norske læremiddelprodusentar som utnyttar smuttholet i lova for å sleppe å lage nynorskversjon av læringsressursane sine.

Det er på sin plass å takke alle som over fleire år har engasjert seg i spørsmålet. Mange har også gjeve gåver og kome med viktige heiarop. Det har betydd mykje når vi har arbeidd så intenst som vi har opp mot styresmaktene. Diverre nådde vi ikkje så langt denne gongen, men vi gjev oss ikkje. Det har ikkje nynorskelevane råd til.

Eit lite – om enn vagt – lyspunkt i komitehandsaminga av opplæringslova er at Stortinget har bede regjeringa gjennomføre ei kunnskapsinnhentin om bruken av læringsressursar i skulen og korleis det påverkar nynorskelevane. Stortinget vil «sikre at både læremidler og læringsressurser som nynorskelever bruker, fungerer godt på deres skriftspråk». Det kan berre sikrast i lov, og Brenna må raskt hente den kunnskapen dei meiner dei treng, i tide til å sende eit lovforslag til Stortinget før den nyleg vedtekne lova trer i kraft, hausten 2024.

Tonje Brenna blei i april nestleiar og kronprinsesse i Arbeidarpartiet. No har Stortinget gjeve ho ein siste sjanse til å vise at ho er kunnskapsminister for heile Kongeriket.